13 Dermed gjekk han frå dei, steig i båten og drog over til andre sida.
14 Men læresveinane hadde gløymt å ta med brød. Dei hadde berre eit einaste brød med seg i båten.
15 Då gav Jesus seg til å åtvara dei og sa: «Pass dykk og hald dykk unna surdeigen til farisearane og surdeigen til Herodes!»
16 Men dei snakka seg imellom om at dei ikkje hadde brød.
17 Jesus merka det og sa til dei: «Kvifor snakkar de om at de ikkje har brød? Ser de enno ingenting? Skjønar de ikkje? Har de så harde hjarte?
18 De har auge – ser de ikkje? De har øyre – høyrer de ikkje?Hugsar de ikkje
19 den gongen eg braut dei fem brøda til dei fem tusen? Kor mange korger fulle av brødstykke samla de opp då?» «Tolv», svara dei.