19 den gongen eg braut dei fem brøda til dei fem tusen? Kor mange korger fulle av brødstykke samla de opp då?» «Tolv», svara dei.
20 «Og då eg braut dei sju brøda til dei fire tusen, kor mange korger med brødstykke samla de opp då?» «Sju», svara dei.
21 «Skjønar de enno ingen ting?» sa han.
22 Så kom dei til Betsaida. Der førte dei ein blind mann til Jesus og bad han røra ved han.
23 Jesus tok den blinde i handa og leidde han ut av landsbyen. Så spytta han på auga hans, la hendene på han og spurde: «Ser du noko?»
24 Mannen såg opp og sa: «Eg ser menneske. For eg skimtar noko som liknar tre, som går omkring.»
25 Så la Jesus på nytt hendene over auga hans. Då braut synet hans fram. Han vart god att og kunne sjå alt klårt.