26 Og Jesus sende han heim. «Men gå ikkje inn i landsbyen {{og sei det ikkje til nokon der}}!» sa han.
27 Sidan fór Jesus og læresveinane hans bort til landsbyane ved Cæsarea Filippi. På vegen spurde han læresveinane: «Kven seier folk at eg er?»
28 Dei svara: «Somme seier døyparen Johannes, andre Elia og atter andre ein av profetane.»
29 «Og de», spurde han, «kven seier de at eg er?» Då svara Peter: «Du er Messias.»
30 Men han forbaud dei strengt å snakka om han til nokon.
31 Då tok Jesus til å læra dei: «Menneskesonen må lida mykje og bli vraka av dei eldste, overprestane og dei skriftlærde. Han skal bli slegen i hel, og tre dagar etter skal han stå opp att.»
32 Dette tala han ope om. Då tok Peter han til sides og gav seg til å tala han til rette.