29 «Og de», spurde han, «kven seier de at eg er?» Då svara Peter: «Du er Messias.»
30 Men han forbaud dei strengt å snakka om han til nokon.
31 Då tok Jesus til å læra dei: «Menneskesonen må lida mykje og bli vraka av dei eldste, overprestane og dei skriftlærde. Han skal bli slegen i hel, og tre dagar etter skal han stå opp att.»
32 Dette tala han ope om. Då tok Peter han til sides og gav seg til å tala han til rette.
33 Men Jesus snudde seg, såg på læresveinane og sa strengt til Peter: «Vik bak meg, Satan! Du har ikkje tanke for det som Gud vil, berre for det som menneske vil.»
34 Sidan kalla han til seg folket og læresveinane sine og sa til dei: «Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv og ta krossen sin opp og følgja meg.
35 For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld og for evangeliet, skal berga det.