9 Det var omkring fire tusen menneske der. Og han lét dei dra heim.
10 Straks etter gjekk han i båten med læresveinane og kom til bygdene ved Dalmanuta.
11 No kom farisearane og gav seg i ordskifte med Jesus. Dei ville setja han på prøve og bad om eit teikn frå himmelen.
12 Då sukka han djupt og sa: «Kvifor krev denne slekta eit teikn? Sanneleg, eg seier dykk: Denne slekta skal aldri få noko teikn.»
13 Dermed gjekk han frå dei, steig i båten og drog over til andre sida.
14 Men læresveinane hadde gløymt å ta med brød. Dei hadde berre eit einaste brød med seg i båten.
15 Då gav Jesus seg til å åtvara dei og sa: «Pass dykk og hald dykk unna surdeigen til farisearane og surdeigen til Herodes!»