22 «Ofte har ånda kasta han både i eld og i vatn for å ta livet av han. Men om du kan, så ha medkjensle med oss og hjelp oss!»
23 «Om eg kan?» svara Jesus. «Alt er mogleg for den som trur.»
24 Straks ropa faren: «Eg trur, hjelp mi vantru!»
25 Då Jesus såg folk strøyma til, truga han den ureine ånda og sa: «Du stumme og døve ånd, eg byd deg: Far ut av han, og kom aldri meir tilbake!»
26 Då skreik ho høgt, reiv og sleit i han og fór ut. Guten låg livlaus, og alle sa at han var død.
27 Men Jesus tok han i handa og hjelpte han opp, og han reiste seg.
28 Då Jesus var komen i hus og læresveinane var åleine med han, spurde dei: «Kvifor kunne ikkje vi driva ut den ånda?»