29 Han svara: «Dette slaget kan berre drivast ut med bøn {{og faste}}.»
30 Dei drog ut derifrå og la vegen gjennom Galilea. Han ville ikkje at nokon skulle vita om det,
31 for han heldt på å undervisa læresveinane sine. Han sa til dei: «Menneskesonen skal gjevast over i hendene på menneske; dei skal slå han i hel. Tre dagar etter skal han stå opp att.»
32 Men dei skjøna ikkje kva han sa, og dei våga ikkje å spørja han.
33 Så kom dei til Kapernaum. Og då han vel var heime, spurde han dei: «Kva var det de snakka om på vegen?»
34 Dei tagde, for på vegen hadde dei vore usamde om kven som var den største.
35 Då sette han seg, kalla til seg dei tolv og sa til dei: «Om nokon vil vera den første, må han vera den siste av alle og tenar for alle.»