33 Så kom dei til Kapernaum. Og då han vel var heime, spurde han dei: «Kva var det de snakka om på vegen?»
34 Dei tagde, for på vegen hadde dei vore usamde om kven som var den største.
35 Då sette han seg, kalla til seg dei tolv og sa til dei: «Om nokon vil vera den første, må han vera den siste av alle og tenar for alle.»
36 Så tok han eit lite barn og sette det midt imellom dei. Han la armen om barnet og sa til dei:
37 «Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg. Og den som tek imot meg, tek ikkje imot meg, men han som har sendt meg.»
38 Johannes sa til han: «Meister, vi såg ein som dreiv ut vonde ånder i ditt namn. Vi freista hindra han sidan han ikkje var i lag med oss.»
39 Men Jesus sa: «Hindra han ikkje! For ingen som gjer ei mektig gjerning i mitt namn, kan like etter tala vondt om meg.