4 Elia synte seg for dei saman med Moses, og dei snakka med Jesus.
5 Då tok Peter til orde og sa til Jesus: «Rabbi, det er godt at vi er her. Lat oss byggja tre hytter, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia.»
6 Han visste ikkje kva han skulle seia, for dei vart så redde.
7 Då kom det ei sky og la skugge over dei, og frå skya kom det ei røyst: «Dette er Son min, han som eg elskar. Høyr han!»
8 Men best dei såg seg omkring, såg dei ingen annan enn Jesus; berre han var hos dei.
9 På vegen ned frå fjellet forbaud han dei å fortelja nokon kva dei hadde sett, før Menneskesonen hadde stått opp frå dei døde.
10 Dei merka seg det ordet og diskuterte med kvarandre kva det er å stå opp frå dei døde.