40 Den som ikkje er imot oss, er med oss.
41 Den som gjev dykk eit beger vatn å drikka fordi de høyrer Kristus til – sanneleg, eg seier dykk: Han skal slett ikkje mista si løn.
42 Den som lokkar til fall ein av desse små som trur på meg, for han var det betre om dei hadde lagt ein kvernstein om halsen på han og kasta han i havet.
43 Om handa di lokkar deg til fall, så hogg henne av! Det er betre for deg at du går lemlesta inn til livet, enn at du har to hender og kjem i helvete, til elden som aldri sloknar,
44 {{der makken deira ikkje døyr og elden ikkje sloknar.}}
45 Og om foten din lokkar deg til fall, så hogg han av! Det er betre for deg at du går halt inn til livet, enn at du har to føter og blir kasta i helvete,
46 {{der makken deira ikkje døyr og elden ikkje sloknar.}}