47 Og om auget ditt lokkar deg til fall, så riv det ut! Det er betre for deg at du går einøygd inn i Guds rike, enn at du har to auge og blir kasta i helvete,
48 der makken deira ikkje døyr og elden ikkje sloknar.
49 For kvart menneske skal saltast med eld, {{og kvart offer skal saltast med salt.}}
50 Salt er ein god ting. Men mistar saltet si kraft, korleis skal de då gjera det salt att? Ha salt i dykk sjølve og hald fred med kvarandre!»