3 År etter år drog denne mannen opp frå heimbygda si og tilbad og ofra til Herren, Allhærs Gud, i Sjilo. Der var dei to Eli-sønene, Hofni og Pinhas, prestar for Herren.
4 Når Elkana heldt offermåltid, gav han Peninna, kona si, og alle sønene og døtrene hennar kvar sitt stykke av offerkjøtet,
5 men Hanna fekk dobbelt så mykje. For han heldt mest av Hanna, endå Herren hadde stengt morslivet hennar.
6 Medtevlaren hennar terga henne støtt og ville gjera henne motlaus, fordi Herren hadde stengt morslivet hennar.
7 Såleis gjekk det år etter år. Kvar gong Hanna drog opp til Herrens hus, terga Peninna henne. Så gret ho og ville ikkje eta.
8 Men Elkana, mannen hennar, sa til henne: «Kvifor græt du, Hanna, og kvifor et du ikkje? Kvifor er du så sorgfull? Er ikkje eg meir for deg enn ti søner?»
9 Ein gong dei hadde ete og drukke i Sjilo, reiste Hanna seg og steig fram for Herrens åsyn. Eli, overpresten, sat på stolen sin attmed dørstolpen i Herrens tempel.