1. Samuelsbok 31 N78NN

Saul døyr

1 Filistarane gjekk til strid mot Israel. Israelittane rømde for dei, og det låg mange falne på Gilboa-fjellet.

2 Filistarane sette etter Saul og sønene hans og felte Jonatan, Abinadab og Malkisjua, sønene til Saul.

3 Striden vart hard ikring Saul. Bogeskyttarane råka han, og han vart hardt såra.

4 Då sa han til våpensveinen sin: «Dra sverdet ditt og renn det gjennom meg, så ikkje desse uomskorne skal koma og stikka meg ned og fara ille med meg!» Men våpensveinen ville ikkje gjera det; han torde ikkje. Då tok Saul sverdet og stupte mot det.

5 Då våpensveinen såg at Saul var død, stupte han òg mot sverdet sitt og fylgde Saul i døden.

6 Såleis døydde dei alle den dagen, Saul og dei tre sønene hans og våpensveinen og alle mennene hans.

7 Då dei israelittane som budde på den andre sida av Jisre’el-sletta og av Jordan, såg at Israels-mennene hadde rømt, og at Saul og sønene hans var falne, tok dei ut frå byane sine og rømde. Og filistarane kom og slo seg ned der.

8 Dagen etter kom filistarane og ville rana dei falne. Då fann dei Saul og dei tre sønene hans liggjande på Gilboa-fjellet.

9 Dei hogg hovudet av han og tok våpna hans. Så sende dei bodberarar ikring i Filistarlandet; dei skulle ropa ut sigersbodskapen i avgudstempla og for folket.

10 Våpna hans la dei ned i Astarte-templet, og kroppen hengde dei opp på muren i Bet-Sjean.

11 Då folket i Jabesj i Gilead fekk høyra kva filistarane hadde gjort med Saul,

12 drog alle våpenføre menn i veg og gjekk heile natta. Dei tok lika av Saul og sønene hans ned frå muren i Bet-Sjean, fór til Jabesj og brende dei der.

13 Så tok dei beina deira og gravla dei under tamariska i Jabesj. Og dei heldt faste i sju dagar.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31