1. Samuelsbok 27 N78NN

David i teneste hjå filistarane

1 Men David tenkte med seg: «Ein dag kjem eg likevel til å falla for Sauls hand. Det beste eg kan gjera, er å røma til Filistarlandet. Då vil Saul halda opp med å leita etter meg rundt ikring i heile Israel, og eg slepp unna han.»

2 Så tok David ut med dei seks hundre mennene som fylgde han, og fór over til Akisj, son til Maok, kongen i Gat.

3 Både David og mennene hans vart buande hjå Akisj i Gat, kvar med sin huslyd. David hadde med seg begge konene sine, Akinoam frå Jisre’el og Abigajil frå Karmel, enkja etter Nabal.

4 Då Saul fekk vita at David hadde rømt til Gat, leita han ikkje etter han lenger.

5 David sa til Akisj: «Dersom du har godvilje for meg, så lat meg få bustad i ein av landsbyane! Kvifor skal tenaren din bu saman med deg i kongsbyen?»

6 Same dagen lét Akisj han få Siklag. Difor har Siklag høyrt Juda-kongane til heilt til denne dag.

7 Den tid David budde i Filistarlandet, var i alt eitt år og fire månader.

8 David og mennene hans drog ofte ut på herjeferder mot gesjurittane, girsittane og amalekittane. Det var dei folka som frå gamalt hadde butt i landet bort imot Sjur og heilt til Egypt.

9 Når David herja der i landet, sparte han korkje menn eller kvinner. Han tok med seg småfe og storfe, esel, kamelar og klede og kom attende til Akisj med det.

10 Når så Akisj spurde: «Kvar har de herja i dag?» svara David: «I Negev, både mellom judearane, jerakme'elittane og kenittane.»

11 Det fanst korkje mann eller kvinne som David sparte og tok med seg til Gat. For han tenkte: «Dei kunne fortelja eitkvart om oss og seia at så og så har David gjort.» Såleis fór David fram heile den tida han budde i Filistarlandet.

12 Men Akisj trudde David og tenkte: «No har David skapt ein sterk uvilje mot seg i Israel, sitt eige folk; og han kjem til å vera min mann for alltid.»

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31