1 Då Saul var død, og David var komen heim att etter at han hadde vunne over amalekittane, heldt han til i Siklag i to dagar.
2 Tredje dagen kom det ein mann frå Sauls leir med sundrivne klede og mold på hovudet. Då han kom fram til David, kasta han seg vørdsamt til jorda.
3 David spurde han: «Kvar kjem du frå?» Han svara: «Eg har rømt frå Israels-leiren.»
4 Då sa David til han: «Korleis har det gått? Fortel meg det!» Han svara: «Mennene rømde frå slaget, og mange av dei fall og miste livet. Saul og Jonatan, son hans, er òg døde.»
5 David spurde den unge guten som fortalde han dette: «Korleis veit du at Saul og Jonatan, son hans, er døde?»
6 Guten som kom med bodet, svara: «Det laga seg så at eg kom opp på Gilboa-fjellet. Der stod Saul og stødde seg til spydet sitt, medan stridsvognene og hestfolket trengde hardt inn på han.
7 Best det var, snudde han seg, og då han fekk sjå meg, ropa han på meg. Eg svara: Ja.
8 Så spurde han: Kven er du? Eg svara: Eg er ein amalekitt.
9 Då sa han til meg: Kom hit og drep meg! Det svimrar for meg, men enno er eg ved fullt medvit.
10 Så gjekk eg bort til han og gav han banehogget, for eg skjøna at han ikkje kunne leva når han fall om. Eg tok diademet han hadde på hovudet, og ringen han bar på armen, og her kjem eg med dei, herre.»
11 Då tok David tak i kleda sine og reiv dei sund. Det same gjorde alle mennene som var med han.
12 Og dei heldt syrgjehøgtid over Saul og Jonatan, son hans, og over Herrens folk og Israels ætt, fordi dei var falne i slaget. Dei gret og fasta heilt til kvelden.
13 Så spurde David guten som hadde fortalt han dette: «Kvar er du frå?» Han svara: «Eg er son til ein innflyttar, ein amalekitt.»
14 Då sa David til han: «Korleis kunne du våga å leggja hand på Herrens salvevigde og drepa han?»
15 Og David ropa på ein av mennene sine og sa: «Kom hit og hogg han ned!» Mannen slo han i hel,
16 og David sa: «Du er sjølv skuld i din død. Din eigen munn vitna mot deg då du sa: Eg har drepe Herrens salvevigde.»
17 David kvad ein klagesong over Saul og Jonatan, son hans.
18 Og han sa at Juda-folket skulle læra denne songen, som vert kalla «Bogen». Han er oppskriven i «Boka åt den rettvise» og lyder:
19 No ligg din prydnad, Israel,drepen på dine haugar.Å, at krigarane er falne!
20 Fortel det ikkje i Gat,kunngjer det ikkje ¬på Asjkalons gater!Då ville filistarkvinnene ¬gleda seg,døtrene til dei uomskorne jubla.
21 De Gilboa-fjell!Gjev det aldri må falladogg eller regn på dykk!Gjev markene aldri ¬må bera fyrstegrøde!For der vart krigarars skjold ¬sulka med blod.Sauls skjold er ikkje smurt ¬med olje.
22 Utan blod av falne, ¬utan feitt av krigararvende Jonatans boge ¬aldri attende,aldri kom Sauls-sverdet ¬umetta heim.
23 Saul og Jonatan, ¬elska og avhaldne,korkje i liv eller død ¬vart dei skilde.Snøggare var dei enn ørnar,sterkare var dei enn løver.
24 Israels døtrer, gråt over Saul,som kledde dykk fagert i purpurog prydde dykkar bunad ¬med gull!
25 Å, at krigarane fall i striden!At Jonatan ligg drepen ¬på dine haugar!
26 Sårt syrgjer eg over deg,Jonatan, min bror!Du var meg så inderleg kjær.Din kjærleik var dyrare for megenn kvinners kjærleik.
27 Å, at krigarane er falneog stridsmenns våpen ¬øydelagde!