2. Samuelsbok 22 N78NN

David takkar og lovsyng

1 Då Herren hadde fria David frå alle fiendane hans og frå Saul, kvad han denne songen for Herren.

2 Han sa:Herren er mitt berg og mi borg, ¬min utfriar,

3 min Gud, mitt fjell ¬som eg flyr til.Han er mitt skjold, ¬mitt frelsehorn og mitt vern,mi livd, min hjelpar ¬som friar meg frå vald.

4 Eg kallar på Herren, ¬han som får lovsong,og eg vert frelst ¬frå mine fiendar.

5 Dødens brotsjøar ¬braut ikring meg,undergangsstraumane ¬skræmde meg.

6 Helheims reip ¬snørte seg om meg,dødens snarer låg i min veg.

7 Då kalla eg på Herren ¬i mi naudog ropa til min Gud.Han høyrde mi røyst ¬frå sitt tempel,til hans øyra nådde mitt rop.

8 Då skalv og riste jorda,himmelens grunnvollar skok,dei skalv fordi han var harm.

9 Røyk steig opp or hans nase,øydande eld or hans munn;gneistar og glør fór ut frå han.

10 Han senka himmelen ¬og steig nedmed svarte skyer ¬under sine føter.

11 Sitjande på kjerubar flaug han,kom til synes ¬på vengene åt vinden.

12 Han gjorde mørkret til sitt telt,og kring seg hadde han ¬svarte, regntunge skyer.

13 Frå stråleglansen framføre hanfór det ut gneistar og glør.

14 Herren torna frå himmelen,Den Høgste lét røysta si lyda.

15 Han skaut sine piler ¬og spreidde mine fiendar,han sende lyn og skræmde dei.

16 Rennene på havbotnen ¬kom til synes,grunnvollane under jorda ¬viste segdå Herren truga,ja, bles og fnyste av vreide.

17 Han rette ut si hand frå det høge ¬og greip meg,drog meg opp ¬or det djupe vatnet.

18 Han berga meg ¬frå min mektige fiende,frå motstandarar ¬som var meg for sterke.

19 Dei gjekk imot meg ¬på ulukkedagen,men Herren var ei støtte ¬for meg.

20 Han førte meg ut i ope lendeog fria meg ut, ¬for han har meg kjær.

21 Herren gjorde vel imot meg ¬for mi rettferd,han lønte meg ¬fordi mine hender var reine.

22 For eg hadde halde meg ¬til Herrens vegarog ikkje falle frå min Gud ¬i vondskap.

23 Alle hans lover ¬hadde eg for augaog veik ikkje av frå hans bod.

24 For han var eg heil i mi ferdog akta meg vel, ¬så eg ikkje synda.

25 Herren lønte meg for mi rettferd,då han såg at eg var rein.

26 Du er trufast ¬mot den som er trufast,heilhjarta ¬mot kvar heilhjarta krigar.

27 Du viser deg rein mot ¬den reine,men vrang mot den svikefulle.

28 Du frelser dei hjelpelause,men vender deg mot dei stolte ¬og audmykjer dei.

29 Ja, du er mitt ljos, Herre,Herren lyser opp i mitt mørker.

30 Med deg kan eg storma ¬mot ein krigarflokk,med Guds hjelp ¬kan eg springa over murar.

31 Guds veg er fullkomen,Herrens ord er reint.Han er eit skjold for allesom flyr til han.

32 For kven er Gud ¬forutan Herren,og kven er eit berg ¬om ikkje vår Gud?

33 Gud er mitt sterke vern;han gjer mi ferd ulastande.

34 Han gjev meg føter som ei hindog lèt meg stå på høgdene.

35 Han lærer opp mine hender ¬til strid,mine armar til å spenna ¬bronsebogen.

36 Du gjev meg di frelse til skjold,bøyer deg ned og gjer meg stor.

37 Du jamnar veg for mine steg,og mine okle er støe.

38 Eg jagar mine fiendar ¬og slettar dei ut,eg snur ikkje ¬før eg har gjort ende på dei.

39 Eg gjer ende på dei ¬og rydjar dei ut,så dei ikkje kan reisa seg,men ligg under føtene mine.

40 Du rustar meg ¬med styrke til stridenog tvingar mine motstandarar ¬i kne.

41 Du slår mine fiendar på flukt,eg rydjar ut dei som hatar meg.

42 Dei ser seg om, ¬men det er ingen som bergar,dei ropar til Herren, ¬han svarar dei ikkje.

43 Eg knuser dei ¬som støv på jorda,trør og trakkar dei ned ¬som avfall i gata.

44 Du berga meg ¬då folket mitt låg i strid,heldt meg oppe ¬som hovding over folkeslag.Folk eg ikkje kjende, ¬må tena meg;

45 framande kryp for meg,dei lyder berre dei høyrer ¬om meg.

46 Ja, dei framande er utmødde,skjelvande kjem dei ¬ut or sine borger.

47 Herren lever! ¬Mitt berg vere lova!Opphøgd vere den sterke Gud, ¬min frelsar.

48 Gud gjev meg hemnog legg folkeslag under meg.

49 Han friar meg frå mine fiendar,ja, lyfter meg høgt ¬over mine motstandararog bergar meg frå valdsmenn.

50 Difor lovar eg deg ¬mellom folka, Herre,og prisar ditt namn med song.

51 Han gjev sin konge store sigrar,han er trufast ¬mot den han har salva,mot David og hans ætt ¬til evig tid.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24