2. Samuelsbok 2 N78NN

David vert konge over Juda

1 Sidan spurde David Herren til råds: «Skal eg fara opp til ein av byane i Juda?» Herren svara: «Ja, gjer det!» Då spurde David: «Kvar skal eg ta vegen?» «Til Hebron,» svara Herren.

2 Så fór David dit med dei to konene sine, Akinoam frå Jisre’el og Abigajil, enkja etter Nabal frå Karmel.

3 Han tok òg med seg dei mennene som fylgde han. Alle hadde huslyden sin med; og dei busette seg i landsbyane kring Hebron.

4 Dit kom Juda-mennene og salva David til konge over Juda-ætta.Då David fekk høyra at det var mennene i Jabesj i Gilead som hadde gravlagt Saul,

5 sende han nokre bodberarar til dei. Dei skulle seia: «Herren velsigne dykk fordi de synte slik truskap mot Saul, herren dykkar, at de gravla han.

6 Gjev Herren må syna dykk godhug og truskap! Og eg vil òg gjera vel mot dykk fordi de har gjort dette.

7 Så ta då mot til dykk og ver djerve menn! Saul, herren dykkar, er nok borte, men no har Juda-folket salva meg til konge over seg.»

Krig mellom David og Sauls-ætta

8 Abner Nersson, hærføraren åt Saul, tok Isjbosjet, son til Saul, og førte han til Mahanajim.

9 Der fekk Abner han utropt til konge over Gilead, Asjer og Jisre’el, over Efraim og Benjamin, ja, over heile Israel.

10 Isjbosjet Saulsson var førti år gamal då han vart konge over Israel, og han styrte i to år. Det var berre Juda-ætta som heldt seg til David.

11 I sju år og seks månader var David konge i Hebron over Juda-ætta.

12 Abner Nersson tok ut frå Mahanajim med mennene åt Isjbosjet, son til Saul, og fór til Gibeon.

13 Joab Serujason og mennene til David drog òg ut. Dei møttest ved Gibeon-dammen og slo seg ned på kvar si side av dammen.

14 Då sa Abner til Joab: «Skal vi ikkje la nokre unge menn koma fram og halda ein våpenleik for oss?» «Jau, lat dei det,» svara Joab.

15 Så reiste dei seg og gjekk fram, så mange som skulle vera med, tolv frå Benjamin, av mennene til Isjbosjet Saulsson, og tolv av mennene til David.

16 Dei treiv kvarandre i hovudet og rende sverdet i sida på kvarandre, så dei fall alle saman. Sidan har denne staden vore kalla Sverdmarka; han ligg ved Gibeon.

17 Det vart ein ovhard strid den dagen. Og Abner og israelittane tapte for mennene til David.

18 Dei tre Seruja-sønene, Joab, Abisjai og Asael, var med der. Asael var lettføtt som ein gasell i marka.

19 Han sette etter Abner og bøygde ikkje av til nokon kant, men heldt seg heile tida i hælane på han.

20 Abner snudde seg og sa: «Er det du, Asael?» «Ja,» svara han.

21 Då sa Abner til han: «Bøy av til kva side du vil! Grip ein av unggutane og ta rustninga hans!» Men Asael ville ikkje la vera å forfylgja han.

22 Endå ein gong ropa Abner til han og sa: «Hald opp med å fylgja etter meg! Vil du kanskje at eg skal slå deg i bakken? Korleis skulle eg då kunna sjå Joab, bror din, i augo?»

23 Men han ville ikkje halda opp. Då rende Abner spydskaftet inn i magen hans, så det gjekk ut gjennom ryggen, og han fall om og døydde der. Alle som kom til den staden der Asael hadde falle og døytt, vart ståande ei stund.

24 Men Joab og Abisjai heldt fram med å forfylgja Abner. Då sola gladde, var dei komne til Amma-haugen, som ligg midt for Giah, der vegen går til Gibeon-øydemarka.

25 Då samla benjaminittane seg i ei fylking bak Abner og stelte seg på toppen av ein haug.

26 Og Abner ropa til Joab: «Skal sverdet aldri halda opp å herja? Skjønar du ikkje at dette kjem til å enda med sorg? Kor lenge vil du venta før du seier til mennene dine at dei skal slutta å forfylgja frendane sine?»

27 Joab svara: «Så sant Gud lever: Hadde du ikkje sagt dette, ville folket fyrst i morgon ha slutta å forfylgja frendane sine.»

28 Så bles Joab i hornet, og heile hæren stogga. Dei forfylgde ikkje israelittane lenger og heldt ikkje fram med striden.

29 Abner og mennene hans gjekk gjennom Jordan-dalen heile natta. Dei sette over Jordan, fór gjennom heile Bitron og kom til Mahanajim.

30 Då Joab hadde halde opp med å forfylgja Abner, samla han heile hæren. Forutan Asael vanta det nitten av mennene til David.

31 Men Davids menn hadde drepe tre hundre og seksti benjaminittar, av Abners folk.

32 Dei tok Asael med seg og gravla han i grava åt far hans i Betlehem. Joab og mennene hans gjekk heile natta og kom til Hebron då det tok til å dagast.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24