2. Samuelsbok 9 N78NN

David og Mefibosjet

1 Ein gong spurde David: «Tru det enno er nokon att av Sauls-ætta? Då vil eg gjera vel mot han for Jonatans skuld.»

2 No hadde Sauls-ætta ein tenestmann som heitte Siba. Han vart kalla fram for David, og kongen spurde han: «Er du Siba?» Han svara: «Ja, herre konge.»

3 Då sa kongen: «Er det enno einkvan att av Sauls-ætta, så eg kan få gjort vel mot han i Guds namn?» Siba svara: «Det er att ein son til Jonatan, ein som er lam i føtene.»

4 «Kvar er han?» spurde kongen. Siba svara: «Han er hjå Makir Ammielsson i Lo-Debar.»

5 Då sende kong David bod og henta han heime hjå Makir Ammielsson i Lo-Debar.

6 Då Mefibosjet, son til Jonatan og soneson til Saul, kom inn til David, kasta han seg ned med andletet mot jorda. Og David sa: «Mefibosjet!» Han svara: «Ja, herre.»

7 David sa til han: «Ver ikkje redd! Eg vil gjera vel mot deg for skuld Jonatan, far din. Du skal få att all jordeigedomen som Saul, farfar din, hadde. Og du skal alltid eta ved mitt bord.»

8 Då bøygde han seg atter og sa: «Kva er vel eg, tenaren din? Kvifor bryr du deg om ein daud hund som meg?»

9 Så sende kongen bod etter Siba, tenestmannen til Saul, og sa til han: «Alt det som har høyrt Saul og heile ætta hans til, gjev eg son åt herren din.

10 Men du og sønene dine og tenarane dine skal dyrka jorda og hausta inn det ho ber. Det skal Mefibosjet, son til herren din, leva av, og han skal alltid eta ved mitt bord.» Siba hadde femten søner og tjue tenarar.

11 Han svara kongen: «Eg skal gjera alt det du byd meg, herre konge.»Sidan åt Mefibosjet ved Davids bord som om han var ein av sønene til kongen.

12 Mefibosjet hadde ein liten son som heitte Mika. Alle som budde i huset til Siba, var tenarar for Mefibosjet.

13 Mefibosjet vart buande i Jerusalem, fordi han alltid åt ved kongens bord. Han var lam i begge føtene.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24