2. Samuelsbok 17 N78NN

1 Sidan sa Akitofel til Absalom: «Lat meg få velja ut tolv tusen mann! Eg vil ta i veg og setja etter David i natt.

2 Så kjem eg over han medan han er trøytt og motlaus, og set støkk i han. Då kjem alle mennene som er med han, til å røma, og eg kan drepa kongen medan han er åleine.

3 Sidan fører eg heile hæren attende til deg som når ei brur vert ført til brudgomen sin. Det er då berre éin mann du vil ta livet av; folket elles får vera uskadt.»

4 Dette rådet lika dei godt, både Absalom og alle dei eldste i Israel.

5 Men så sa Absalom: «Send bod etter Husjai av Arak-ætta, så vi får høyra kva han òg har å seia.»

6 Då Husjai kom, fortalde Absalom kva Akitofel hadde sagt, og spurde: «Skal vi gjera som han seier eller ikkje? Sei kva du meiner!»

7 Husjai svara: «Det er ikkje noko godt råd Akitofel har gjeve denne gongen.»

8 Og han heldt fram: «Du veit at far din og mennene hans er djerve stridsmenn, og at dei rasar som ei binne i skogen når ein har teke ungane frå henne. Far din er ein gamal krigar; han legg seg ikkje til ro saman med mennene sine om natta.

9 No held han seg nok gøymd i ei hole eller einkvan annan staden. Går det så at nokon av mennene våre fell i fyrstninga, kjem alle som får høyra det, til å seia at det har vore eit stort mannefall mellom dei som fylgjer Absalom.

10 Og om det er aldri så djerv ein kar, med eit hjarta som ei løve, så misser han motet. For heile Israel veit at far din er ei kjempe, og at det er djerve menn, dei som er med han.

11 Difor er dette mitt råd: Lat heile Israel, frå Dan til Be’er-Sjeba, samla seg om deg, talrikt som sanden utmed havet. Og dra sjølv med dei i striden!

12 Når vi så råkar han einkvan staden der han held til, kastar vi oss over han som når dogga fell på marka. Vi skal ikkje spara ein einaste mann, korkje han sjølv eller nokon av dei som er med han.

13 Og søkjer han livd i ein festningsby, skal heile Israel leggja reip om den byen og dra han ned i dalen, så det ikkje finst ein småstein att der han stod.»

14 Då sa Absalom og alle israelittane: «Rådet åt Husjai av Arak-ætta er betre enn rådet åt Akitofel.» Men det var Herren som hadde laga det så at det gode rådet åt Akitofel ikkje vart fylgt, for Herren ville føra ulukke over Absalom.

David slepp unna Absalom

15 Sidan sa Husjai til Sadok og Abjatar, prestane, kva Akitofel hadde talt Absalom og dei eldste i Israel til å gjera, og kva han sjølv hadde rådt dei til.

16 Og han la til: «Skunda dykk og send bod til David! Gjev han melding om dette og sei at han ikkje må vera natta over ved vadestadene i øydemarka, men setja over elva! Elles er det ute både med kongen og alle dei som fylgjer han.»

17 Jonatan og Akima’as heldt seg utmed Rogel-kjelda. Ei tenestjente kom ofte med bod til dei, og så bar dei bodet til kong David. For dei våga ikkje å gå inn i byen og visa seg der.

18 Men denne gongen var det ein unggut som fekk auga på dei, og han sa det til Absalom. Då skunda dei seg av stad, begge to, og dei kom til Bakurim. Der gjekk dei inn på garden til ein mann som hadde ein brunn i tunet; og den steig dei nedi.

19 Kona i huset tok eit teppe og breidde over brunnopninga. Ho strøydde korn oppå, så ingen kunne merka noko.

20 Då så mennene til Absalom kom inn i huset til kona og spurde etter Akima’as og Jonatan, svara ho: «Dei gjekk over bekken.» Så leita mennene, men fann dei ikkje og fór attende til Jerusalem.

21 Då dei vel var farne, steig hine opp or brunnen. Dei gjekk til kong David med bodet og sa: «Ta ut og set over elva i ein fart!» Så fortalde dei kva råd Akitofel hadde gjeve.

22 Då tok David ut med alt folket sitt, og dei sette over Jordan. Som dagen rann, sakna dei ikkje ein mann; alle hadde kome seg over elva.

23 Då Akitofel såg at rådet hans ikkje vart fylgt, sala han eselet sitt, sette seg på det og reid heim til sin eigen by. Han ordna med alt i huset sitt, og så hengde han seg. Såleis døydde Akitofel, og han vart gravlagd i grava åt far sin.

24 David var komen til Mahanajim då Absalom sette over Jordan med alle israelittane.

25 Absalom hadde gjort Amasa til hærførar i staden for Joab. Amasa var son til ein ismaelitt som heitte Jitra og var gift med Abigal, dotter til Nakasj og syster til Seruja, mor til Joab.

26 Israelittane og Absalom slo leir i Gilead.

27 Med det same David nådde fram til Mahanajim, kom Sjobi, son til Nakasj frå Rabba i Ammon, og Makir, son til Ammiel frå Lo-Debar, og Barsillai frå Rogelim i Gilead.

28 Dei kom med sengeutstyr, skåler og kjerald, og dei hadde med seg kveite, bygg, mjøl, steikt korn, bauner, linser,

29 honning, rjome, sauekjøt og ost av kumjølk. Det sette dei fram for David og folket som var med han. For dei tenkte at mennene hadde vorte både svoltne, trøytte og tyrste i øydemarka.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24