2. Samuelsbok 18 N78NN

Absalom vert drepen

1 David mønstra folket som var med han, og sette hovdingar over dei, nokre over tusen og nokre over hundre mann.

2 Så sende han dei av stad, ein tredjepart under Joab, ein tredjepart under Abisjai, son til Seruja og bror til Joab, og ein tredjepart under Ittai frå Gat. Kongen sa til mennene: «Eg vil dra ut i striden saman med dykk.»

3 Men dei svara: «Du skal ikkje dra ut. For om vi rømer, er det ingen som bryr seg om det, og om halvparten av oss fell, så ansar ingen det. Men du er jamgod med ti tusen av oss. Difor er det betre at du held deg i byen og kjem derifrå og hjelper oss.»

4 Kongen sa til dei: «Eg skal gjera som de ynskjer.» Så gjekk kongen ut og stod attmed byporten, medan heile hæren drog av stad, i fylkingar på hundre og på tusen.

5 Då sa han til Joab, Abisjai og Ittai: «Far varsamt med Absalom, guten min!» Heile hæren høyrde at kongen gav alle hovdingane dette påbodet om Absalom.

6 Så drog hæren ut i marka mot israelittane, og det kom til slag i Efraim-skogen.

7 Der tapte israelittane for Davids menn, og det vart eit stort mannefall den dagen, tjue tusen mann.

8 Striden spreidde seg over heile landet der ikring, og skogen øydde meir folk enn sverdet den dagen.

9 Det bar så til at Absalom kom beint imot mennene åt David. Han reid på muldyret sitt, og muldyret kom inn under dei tette greinene på ei stor eik. Hovudet hans sette seg fast i eika, og han vart hangande mellom himmel og jord. For muldyret han sat på, sprang sin veg.

10 Det fekk ein mann sjå, og han sa frå til Joab: «Eg såg Absalom hanga i ei eik.»

11 Då sa Joab til mannen som kom med meldinga: «Når du såg det, kvifor slo du han då ikkje til jorda på flekken? Så skulle eg ha gjeve deg ti sekel sølv og eit belte.»

12 Mannen svara: «Om dei så vog meg tusen sekel sølv opp i neven, ville eg ikkje lyfta handa mot son til kongen. Vi høyrde då alle at kongen gav deg og Abisjai og Ittai dette påbodet: Ta dykk av Absalom, guten min!

13 Men hadde eg fare fram med svik og teke livet av han, så hadde det ikkje kunna døljast for kongen, og du hadde nok halde deg unna.»

14 Då sa Joab: «Eg kan ikkje stå her og hefta meg bort lenger.» Så treiv han tre spyd og rende dei i brystet på Absalom, medan han endå hang levande mellom greinene på eika.

15 Og ti unge menn, våpensveinane åt Joab, kom bort til Absalom og gav han banehogg.

16 Då bles Joab i hornet, og folket heldt opp med å forfylgja israelittane; for Joab stagga dei.

17 Så tok dei Absalom og kasta han ned i ei djup hole i skogen og hauga opp ei stor steinrøys over han. Og alle israelittane rømde heim, kvar til sitt.

18 Medan Absalom levde, hadde han reist ein minnestein for seg. Det er den steinen som enno står i Kongsdalen. «For eg har ingen son som kan halda oppe minnet om namnet mitt,» sa han. Difor gav han steinen namn etter seg, og sidan har han vorte kalla «Absaloms minne» og heiter så den dag i dag.

David får melding om Absaloms død

19 Akima’as Sadoksson sa til Joab: «Lat meg få springa til kongen med den gode bodskapen at Herren har hjelpt han til hans rett og fria han frå fiendane.»

20 Men Joab svara: «Nei, i dag kan du ikkje bera gledebod. Ein annan gong kan du gå med gledebod, men ikkje i dag; for son til kongen er død.»

21 Så sa Joab til nubiaren: «Gå og fortel kongen det du har sett!» Nubiaren bøygde seg for Joab og sprang av stad.

22 Men Akima’as Sadoksson tok til ords att og sa til Joab: «Det får gå som det vil, men lat meg få springa av stad etter nubiaren!» Joab svara: «Kvifor vil du det, guten min? Dette er då ikkje noko gledebod som du kan venta løn for.»

23 Han sa: «Det får gå som det vil; eg spring av stad.» «Så spring då!» sa Joab. Så sprang Akima’as den vegen som går over Jordan-sletta og kom føre nubiaren.

24 Imedan sat David i portromet, og vaktmannen gjekk att og fram oppe på port-taket. Då han kom bort til muren og såg utover, fekk han auga på ein mann som kom springande åleine.

25 Vaktmannen ropa ned til kongen og sa frå om det. Då sa kongen: «Er han åleine, kjem han med god bodskap.» Mannen kom nærare og nærare.

26 Brått fekk vaktmannen sjå ein annan mann som kom springande, og han ropa ned til portvakta: «Sjå, der kjem endå ein springande åleine!» Kongen sa: «Han òg kjem med god bodskap.»

27 Då sa vaktmannen: «Eg tykkjer den fyrste spring så likt Akima’as Sadoksson.» Kongen svara: «Han er ein god mann og kjem nok med gledebod.»

28 Akima’as ropa til kongen: «Ver helsa!» Så kasta han seg ned for kongen med andletet mot jorda og sa: «Lova vere Herren din Gud, som har late deg vinna over dei mennene som lyfte si hand mot deg, herre konge.»

29 Kongen spurde: «Står det bra til med Absalom, guten min?» Akima’as svara: «Eg såg at det var stort oppstyr då Joab sende kongstenaren og meg av stad; men eg veit ikkje kva det var.»

30 Kongen sa: «Gå til sides og venta der!» Så gjekk han til sides og vart ståande.

31 Med det same kom nubiaren og sa: «Her er ein god bodskap, herre konge! I dag har Herren hjelpt deg til din rett og fria deg frå alle dei som hadde reist seg mot deg.»

32 Kongen spurde: «Står det bra til med Absalom, guten min?» Nubiaren svara: «Herre konge, gjev det må gå fiendane dine og alle som reiser seg mot deg og vil skada deg, som det gjekk guten!»

33 Då vart kongen så ille ved at han skalv. Han gjekk opp i romet over porten og gret. Og alt medan han gjekk, ropa han: «Absalom, son min, Absalom, son min, son min! Gjev eg hadde døytt i din stad! Absalom, son min, son min!»

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24