1 Ammonitten Nakasj gjorde ei hærferd og kringsette Jabesj i Gilead. Då sa Jabesj-buane til han: «Gjer ei pakt med oss, så skal vi gje oss under deg.»
2 Men ammonitten Nakasj svara: «Eg skal gjera ei pakt med dykk på den måten at eg stikk ut høgre auga på kvar av dykk, til vanære for heile Israel.»
3 Då sa dei eldste i Jabesj til han: «Gjev oss ein frist på sju dagar, så vi kan senda bod rundt om i heile Israel. Er det då ingen som hjelper oss, skal vi gje oss over til deg.»
4 Då sendemennene kom til Sauls Gibea og bar fram ærendet sitt for folket, sette heile folket i å gråta.