10 Då ropa dei til Herren og sa: «Vi har synda. Vi har gått bort frå Herren og dyrka Ba’al-gudane og Astarte-bileta. Men frels oss no frå fiendane våre, så skal vi tena deg.»
11 Så sende Herren Jerubba’al og Bedan og Jefta og Samuel og berga dykk frå fiendane dykkar rundt ikring, så de kunne bu trygt.
12 Men då de såg at Nakasj, kongen i Ammon, kom mot dykk, sa de til meg: «Nei, vi vil ha ein konge til å styra oss» – endå Herren dykkar Gud var kongen dykkar.
13 Sjå, her er kongen som de har valt, han som de bad om. Herren har sett ein konge over dykk.
14 Vil de no ottast Herren, tena og lyda han og ikkje setja dykk opp mot hans ord, men fylgja Herren dykkar Gud, både de og kongen som rår over dykk, så er det godt.
15 Men vil de ikkje lyda Herren, og set de dykk opp mot hans ord, skal Herrens hand råka dykk som ho råka fedrane dykkar.
16 Stig no fram og sjå det store som Herren vil gjera for augo på dykk!