3 Her står eg. Før no klagemål mot meg framfor Herren og den han har salva! Er det nokon eg har teke okse eller esel frå? Er det nokon eg har gjort urett eller fare hardt med? Er det nokon eg har teke imot gåver av, så eg skulle lata att augo for eitkvart? Om så er, vil eg gje dykk vederlag.»
4 Dei svara: «Du har korkje gjort oss urett eller fare hardt med oss eller teke imot gåver av nokon.»
5 Då sa han til dei: «Så er Herren vitne mot dykk, og den han har salva, er i dag vitne på at de ikkje har funne skuld hjå meg.» Folket svara: «Ja, han er vitne.»
6 Så sa Samuel til folket: Ja, Herren er vitne, han som lét Moses og Aron stå fram, og som førte fedrane dykkar opp frå Egypt.
7 Stig no fram, så vil eg føra klagemål mot dykk for Herrens åsyn og fortelja dykk om alle dei frelsesverk Herren har gjort mot dykk og fedrane dykkar.
8 Då Jakob var komen til Egypt, ropa fedrane dykkar til Herren, og han sende Moses og Aron. Dei førte fedrane dykkar ut or Egypt og lét dei få bu her i landet.
9 Men dei gløymde Herren sin Gud. Difor gav han dei over til Sisera, hærføraren i Hasor, til filistarane og til Moab-kongen. Alle desse kom og stridde mot dei.