6 Så sa Samuel til folket: Ja, Herren er vitne, han som lét Moses og Aron stå fram, og som førte fedrane dykkar opp frå Egypt.
7 Stig no fram, så vil eg føra klagemål mot dykk for Herrens åsyn og fortelja dykk om alle dei frelsesverk Herren har gjort mot dykk og fedrane dykkar.
8 Då Jakob var komen til Egypt, ropa fedrane dykkar til Herren, og han sende Moses og Aron. Dei førte fedrane dykkar ut or Egypt og lét dei få bu her i landet.
9 Men dei gløymde Herren sin Gud. Difor gav han dei over til Sisera, hærføraren i Hasor, til filistarane og til Moab-kongen. Alle desse kom og stridde mot dei.
10 Då ropa dei til Herren og sa: «Vi har synda. Vi har gått bort frå Herren og dyrka Ba’al-gudane og Astarte-bileta. Men frels oss no frå fiendane våre, så skal vi tena deg.»
11 Så sende Herren Jerubba’al og Bedan og Jefta og Samuel og berga dykk frå fiendane dykkar rundt ikring, så de kunne bu trygt.
12 Men då de såg at Nakasj, kongen i Ammon, kom mot dykk, sa de til meg: «Nei, vi vil ha ein konge til å styra oss» – endå Herren dykkar Gud var kongen dykkar.