1 Saul var tretti år gamal då han vart konge, og han var konge over Israel i to år.
2 Saul valde seg ut tre tusen mann av Israel. Av dei hadde han to tusen hjå seg ved Mikmas og i Betel-heiane, og eitt tusen var med Jonatan ved Gibea i Benjamin. Resten av folket sende han heim att.
3 Jonatan slo i hel vaktpostane åt filistarane i Gibea. Då filistarane fekk melding om det, sa dei: «Hebrearane har gjort opprør.» Men Saul lét hornet ljoma over heile landet.
4 Heile Israel fekk høyra at Saul hadde slege i hel vaktpostane åt filistarane, og at filistarane hadde vorte hatige på israelittane. Då vart folket kalla ut; dei skulle fylgja Saul til Gilgal.