16 Sei berre frå, herre, så skal tenarane dine, som står her framfor deg, leita opp ein mann som kan spela på harpe. Når så den vonde ånda frå Gud kjem over deg, skal han spela; då letnar det for deg.»
17 Saul svara: «Ja, finn meg ein mann som er god til å spela, og før han hit til meg!»
18 Då sa ein av dei unge mennene: «Eg kjenner ein son til Isai frå Betlehem, som kan spela. Han er ein sterk og djerv krigar og god til å tala for seg. Han er ein staseleg kar, og Herren er med han.»
19 Så sende Saul bod til Isai og sa: «Send hit til meg David, son din, han som gjæter småfeet!»
20 Då tok Isai eit esel, kløvja det med brød, ei hit med vin og eit kje og sende det med David, son sin, til Saul.
21 Såleis kom David til Saul og gav seg i teneste hjå han. Og Saul fekk han kjær og gjorde han til våpensveinen sin.
22 Han sende bod til Isai og sa: «Lat David få vera i teneste hjå meg! For eg likar han.»