20 Då tok Isai eit esel, kløvja det med brød, ei hit med vin og eit kje og sende det med David, son sin, til Saul.
21 Såleis kom David til Saul og gav seg i teneste hjå han. Og Saul fekk han kjær og gjorde han til våpensveinen sin.
22 Han sende bod til Isai og sa: «Lat David få vera i teneste hjå meg! For eg likar han.»
23 Når så ånda frå Gud kom over Saul, tok David fram harpa si og spela. Då letna det for Saul; han kjende seg betre, og den vonde ånda fór frå han.