1 Då det leid av ei tid, samla filistarane hærane sine til strid. Dei kom saman ved Soko i Juda og slo leir attmed Efes-Dammim, mellom Soko og Aseka.
2 Saul og israelittane samla seg òg. Dei slo leir i Terebintedalen og fylka seg til strid mot filistarane.
3 Filistarane stod i den eine fjellskråninga og israelittane i den andre, så dalen var mellom dei.
4 Best det var, kom det fram ei holmgangskjempe frå filistarfylkinga. Mannen heitte Goliat og var frå Gat. Han var over ni fot høg.
5 På hovudet hadde han ein bronsehjelm, og han var kledd i ei skjelbrynje av bronse, som vog fem tusen sekel.
6 På leggene hadde han bronsespjelkar, og på ryggen bar han eit kastespyd av bronse.
7 Spydskaftet var tjukt som ein vevbom, og spydodden var av jern og vog seks hundre sekel. Skjoldberaren gjekk føre han.