12 David var son til Isai, som tilhøyrde Efrata-ætta frå Betlehem i Juda. Den mannen hadde åtte søner. På Sauls tid var han gamal og skral.
13 Dei tre eldste sønene hans hadde fylgt Saul i krigen. Av desse tre sønene som hadde gått med i krigen, heitte den eldste Eliab, den andre Abinadab og den tredje Sjamma.
14 David var den yngste. Dei tre eldste hadde fylgt Saul,
15 men David gjekk ofte heim att frå Saul og gjætte småfeet åt far sin i Betlehem.
16 Morgon og kveld steig filistaren fram; i førti dagar baud han seg fram til strid.
17 Då sa Isai til David, son sin: «Ta ein efa av dette steikte kornet og desse ti brøda som brørne dine skal ha, og skunda deg til leiren, til brørne dine, med det!
18 Og desse ti ostestykka skal du ha med til føraren for hærflokken. Sjå så etter korleis det står til med brørne dine, og få med deg eit pant frå dei!