29 «Kva gale har eg no gjort?» svara David. «Det var då berre eit spørsmål.»
30 Så vende han seg frå han til ein annan og tok opp att spørsmålet, og folket gav han same svaret som fyrste gongen.
31 Det spurdest snart kva David hadde sagt, og Saul fekk òg høyra det. Han sende bod etter han,
32 og David sa til Saul: «Ingen må missa motet! Tenaren din skal gå og strida med denne filistaren.»
33 Men Saul svara: «Du kan ikkje gå mot filistaren og strida med han; du er då berre ungguten, og han har vore krigar heilt ifrå ungdomen.»
34 Då sa David: «Tenaren din har ofte gjætt småfeet for far sin. Kom det då ei løve eller ein bjørn og tok ein sau i flokken,
35 sprang eg etter udyret, slo det og reiv sauen ut or gapet på det. Og reiste det seg mot meg, treiv eg det i skjegget og slo det i hel.