40 og tok staven sin i handa. I eit bekkefar leita han seg ut fem slette steinar og la dei i gjætartaska som han hadde med seg. Og slyngja si hadde han i handa. Så gjekk han fram mot filistaren.
41 Imedan kom filistaren nærare og nærare bort imot David, og skjoldberaren gjekk føre han.
42 Då filistaren såg fram for seg, fekk han auga på David, men vørde han ikkje. For David var berre ungguten, raudleitt og ven å sjå til.
43 «Trur du eg er ein hund, sidan du kjem imot meg med kjeppar?» ropa filistaren til David. Og han forbanna David ved guden sin.
44 Så sa han: «Kom hit til meg, så skal eg gje kjøtet ditt til fuglane under himmelen og dyra på marka.»
45 David svara: «Du kjem imot meg med sverd og lanse og kastespyd; men eg kjem imot deg i namnet åt Herren, Allhærs Gud, han som er Gud for Israels fylkingar, han som du har spotta.
46 I denne dag vil Herren gje deg i mi hand; eg skal slå deg i hel og hogga hovudet av deg. Og liket ditt og lika av filistarhæren skal eg i dag gje til fuglane under himmelen og villdyra på jorda, så heile verda kan skjøna at Israel har ein Gud.