5 På hovudet hadde han ein bronsehjelm, og han var kledd i ei skjelbrynje av bronse, som vog fem tusen sekel.
6 På leggene hadde han bronsespjelkar, og på ryggen bar han eit kastespyd av bronse.
7 Spydskaftet var tjukt som ein vevbom, og spydodden var av jern og vog seks hundre sekel. Skjoldberaren gjekk føre han.
8 Goliat steig fram og ropa til Israels-hæren: «Kvifor dreg de ut og fylkar dykk til strid? Er ikkje eg ein filistar og de trælane åt Saul? Vel ut ein mann, og send han ned til meg!
9 Kan han strida med meg og fella meg, skal vi vera trælane dykkar. Men vinn eg over han og feller han, skal de vera våre trælar og tena oss.»
10 Og filistaren heldt fram: «I dag har eg spotta Israels fylking. Send hit ein mann, så skal vi strida mot kvarandre.»
11 Då Saul og alle israelittane høyrde kva filistaren sa, stokk dei til og vart fælande redde.