11 sende Saul nokre menn til Davids hus. Dei skulle vakta på han og drepa han om morgonen. Men Mikal, kona til David, varsla han om det og sa: «Bergar du deg ikkje unna i natt, vert du drepen i morgon.»
12 Så firte ho han ned frå vindauga, og han rømde og kom seg bort.
13 Sidan tok Mikal husguden og la opp i senga. Ho la eit teppe av geiteragg attmed hovudet hans og breidde eit åklede over.
14 Då Saul sende folk som skulle henta David, sa ho: «Han er sjuk.»
15 Så sende Saul same mennene av stad for at dei skulle sjå David, og sa: «Ber han hit til meg i senga! Han skal døy.»
16 Men då mennene kom inn, fekk dei sjå at det var husguden som låg i senga med raggteppet attmed hovudet.
17 Då sa Saul til Mikal: «Kvifor har du narra meg slik og hjelpt fienden min til å sleppa unna?» Mikal svara: «Han sa til meg: Lat meg få sleppa bort, elles drep eg deg.»