20 sende han nokre menn dit som skulle henta han. Men då dei fekk sjå profetflokken, som var i profetisk glød, og Samuel, som stod framføre dei, kom Guds Ande over utsendingane frå Saul, og dei vart gripne av profetisk glød, dei òg.
21 Då Saul fekk vita om det, sende han andre menn. Men det gjekk like eins med dei. Tredje gongen sende Saul folk dit, men dei kom i profetisk glød, dei òg.
22 Til sist gjekk han sjølv til Rama, og då han kom til den store brunnen i Seku, spurde han: «Kvar er Samuel og David?» Dei svara: «I Nevajot ved Rama.»
23 Så gjekk han dit, til Nevajot ved Rama. Men Guds Ande kom over han òg, og han gjekk i profetisk glød heile vegen til Nevajot ved Rama.
24 Då reiv Saul av seg kleda, liksom dei andre, og stod framfor Samuel, gripen av profetisk glød, til han fall over ende. Og han vart liggjande naken heile dagen og heile natta. Difor seier folk: «Er Saul òg mellom profetane?»