16 Om då mannen svara: «Fyrst må feittet brennast, sidan kan du ta det du vil,» så sa tenaren: «Nei, lat meg få det straks, elles tek eg det med makt!»
17 Den synda dei unge mennene gjorde for Herrens åsyn, var ovstor; dei hadde ikkje vørdnad for Herrens offer.
18 Imedan gjorde Samuel teneste for Herren. Endå han berre var ein smågut, bar han presteklede av lin.
19 Og mor hans laga kvart år ein liten kjortel til han. Den tok ho med når ho saman med mannen sin drog opp og skulle bera fram det årlege slaktofferet.
20 Då velsigna Eli Elkana og kona hans og sa: «Herren gjeve deg fleire born med denne kvinna i staden for han som ho bad om for Herrens skuld!» Så fór dei heim att.
21 Og Herren kom Hanna i hug, så ho vart med barn att. Ho fekk tre søner og to døtrer. Men guten Samuel voks opp hjå Herren.
22 No var Eli svært gamal. Då han fekk høyra kva sønene hans gjorde mot alle israelittane, og at dei låg med kvinnene som gjorde teneste ved møteteltdøra,