20 Då velsigna Eli Elkana og kona hans og sa: «Herren gjeve deg fleire born med denne kvinna i staden for han som ho bad om for Herrens skuld!» Så fór dei heim att.
21 Og Herren kom Hanna i hug, så ho vart med barn att. Ho fekk tre søner og to døtrer. Men guten Samuel voks opp hjå Herren.
22 No var Eli svært gamal. Då han fekk høyra kva sønene hans gjorde mot alle israelittane, og at dei låg med kvinnene som gjorde teneste ved møteteltdøra,
23 sa han til dei: «Kvifor gjer de slikt? Eg høyrer alle menneske tala om den vonde åtferda dykkar.
24 Nei, søner! Det er ikkje noko godt ord som går om dykk i Herrens folk etter det eg høyrer.
25 Når ein mann syndar mot ein annan, skal Gud døma han. Men når ein mann syndar mot Herren, kven skal då be for han?» Men dei høyrde ikkje på far sin, for Herren ville at dei skulle døy.
26 Men guten Samuel voks og vart stor og var til hugnad for Herren og for menneske.