32 Då skal du sjå med lengsle på alt det gode eg gjer mot Israel; men i di ætt skal det aldri finnast nokon som vert gamal.
33 Berre ein einaste mann i ætta di vil eg la vera å rydja bort frå altaret mitt. Eg vil la augo dine slokna og livet ditt tærast bort, og alle som veks opp i di ætt, skal døy i sine beste år.
34 Og til teikn på dette skal du ha det som kjem til å henda dei to sønene dine, Hofni og Pinhas: Dei skal begge døy på éin dag.
35 Så skal eg setja inn ein trufast prest, som gjer det eg ynskjer og vil. For han vil eg byggja opp ei varande ætt, og han skal alle sine dagar gjera teneste hjå den eg har salva.
36 Då skal det gå så at dei som er att av di ætt, kjem og kastar seg ned og bed om eit pengestykke eller eit brød og seier: «Lat meg få vera med i eit av prestelauga, så eg kan få litt mat å eta.»