4 Stridsmenns bogar vert brotne;men dei trøytte ¬bur seg med kraft.
5 Dei mette må tena for brødet,og dei svoltne svelt ikkje meir.Barnlaus kvinne får sju søner,den barnerike visnar bort.
6 Herren tek liv og gjev liv,han sender menneske ¬til dødsriketog kan føra dei opp derifrå.
7 Herren gjer fattig, ¬og han gjer rik,han fornedrar, ¬og han opphøgjer.
8 Han reiser småkårsfolk ¬or støvet,lyfter den fattige or oska,sessar han saman med ¬stormennog gjev han eit ærefullt sete.For søylene under jorda ¬høyrer Herren til,han bygde jorderiket på dei.
9 Han vernar sine trugne ¬på vegen,men dei gudlause ¬forgår i mørkret.For ingen er sterk i eiga kraft.
10 Dei som strider mot Herren, ¬går til grunne.Han lèt det torna over dei ¬frå himmelen,Herren dømer den vide jord.Måtte han gje sin konge styrkeog sin salvevigde stor kraft!