7 Herren gjer fattig, ¬og han gjer rik,han fornedrar, ¬og han opphøgjer.
8 Han reiser småkårsfolk ¬or støvet,lyfter den fattige or oska,sessar han saman med ¬stormennog gjev han eit ærefullt sete.For søylene under jorda ¬høyrer Herren til,han bygde jorderiket på dei.
9 Han vernar sine trugne ¬på vegen,men dei gudlause ¬forgår i mørkret.For ingen er sterk i eiga kraft.
10 Dei som strider mot Herren, ¬går til grunne.Han lèt det torna over dei ¬frå himmelen,Herren dømer den vide jord.Måtte han gje sin konge styrkeog sin salvevigde stor kraft!
11 Så fór Elkana heim att til Rama. Men guten vart verande der og gjorde teneste for Herren, og Eli, overpresten, hadde tilsyn med han.
12 Sønene til Eli var gudlause menn. Dei kjende ikkje Herren
13 og brydde seg ikkje om kva prestane hadde rett til å krevja av folket. Når nokon bar fram eit slaktoffer, kom prestens tenar medan dei koka kjøtet. Han hadde med seg ein tretinda gaffel.