6 Så gav presten han vigsla brød. For det fanst ikkje anna brød der enn skodebrøda, som hadde lege for Herrens åsyn, men vorte borttekne, så nytt brød kunne leggjast fram same dagen som det gamle vart utskift.
7 Den dagen laut ein av mennene til Saul halda seg inne, for Herrens åsyn. Mannen heitte Doeg og var frå Edom. Han var den sterkaste av gjætarane til Saul.
8 Så sa David til Akimelek: «Har du ikkje eit spyd eller eit sverd her? Eg fekk korkje sverdet eller dei andre våpna med meg, for det hadde slik hast med kongens ærend.»
9 Presten svara: «Jau, sverdet åt filistaren Goliat, som du slo i hel i Terebintedalen, heng bak efoden, sveipt i eit klede. Vil du ha det, så ta det! Det er ikkje noko anna sverd her.» David sa: «Det finst ikkje maken til det; lat meg få det!»
10 Same dagen tok David ut og rømde for Saul. Og han kom til Akisj, kongen i Gat.
11 Mennene åt Akisj sa til han: «Er ikkje dette David, kongen i landet? Var det ikkje han kvinnene song om medan dei dansa:Saul felte fiendar i tusental,men David i titusental?»
12 David merka seg vel det dei sa, og han var svært redd for Akisj, kongen i Gat.