1 Så fór David bort frå Gat og rømde til hola ved Adullam. Då brørne hans og alle dei andre i ætta fekk høyra det, kom dei ned til han der.
2 Og allslags menneske som var komne i naud, alle gjeldbundne og misnøgde, flokka seg om han, og han vart hovdingen deira. Det var om lag fire hundre mann som var med han.
3 Derifrå drog David til Mispe i Moab, og han sa til moabittkongen: «Lat far min og mor mi få bu hjå dykk til eg får sjå kva Gud vil gjera for meg.»
4 Så lét han dei vera hjå kongen i Moab, og dei budde der så lenge David heldt til i fjellborga.