11 Så sende kongen bod etter presten Akimelek, son til Akitub, og heile ætta hans, prestane i Nob. Dei møtte alle fram for kongen,
12 og Saul sa: «Høyr her, du Akitubsson!» Han svara: «Ja, herre.»
13 Då sa Saul til han: «Kvifor har de svore dykk i hop mot meg, du og Isai-sonen? Kvifor gav du han mat og våpen og bad Gud om råd for han, så han kunne setja seg opp imot meg og liggja i bakhald mot meg, som han no gjer?»
14 Akimelek svara: «Kven av alle mennene dine har så stor tillit som David? Han er verson til kongen, hovding over livvakta og høgt vørd i huset ditt.
15 Dette er ikkje fyrste gongen eg bed Gud om råd for han, langt ifrå! Kongen må ikkje klaga meg eller nokon i ætta mi for det. For eg har ikkje visst det minste om det.»
16 Men kongen sa: «Du skal døy, Akimelek, både du og heile ætta di.»
17 Så sa han til livvakta som stod ikring han: «Gå fram og drep Herrens prestar! For dei òg held med David. Dei visste at han var på røming, men varsla meg ikkje.» Men kongsmennene ville ikkje lyfta ei hand for å hogga ned Herrens prestar.