1 Folk kom til David og sa: «Filistarane er farne i hærferd mot Ke’ila, og dei ranar kornet på treskjevollane.»
2 Då spurde David Herren til råds: «Skal eg dra ut og slå desse filistarane?» Herren svara: «Dra ut og slå filistarane og fria ut Ke’ila!»
3 Men mennene åt David sa til han: «Vi er ikkje trygge her i Juda. Og så skulle vi fara til Ke’ila, mot filistarfylkingane!»
4 Endå ein gong spurde David Herren til råds, og Herren svara: «Ta ut og far ned til Ke’ila! Eg vil gje filistarane i di hand.»
5 Så fór David med mennene sine til Ke’ila og stridde mot filistarane. Dei felte mange og drog av med feet deira. Såleis berga David folket i Ke’ila. –
6 Då Abjatar, son til Akimelek, rømde til David og fylgde han til Ke’ila, hadde han efoden med seg.
7 Saul fekk melding om at David var komen til Ke’ila, og han sa: «Gud har gjeve han i mi hand. For han har sjølv stengt seg inne i ein by med portar og bommar.»