11 Vil då Ke’ila-buane gje meg i hans hand? Kjem Saul hit ned, som tenaren din har fått nyss om? Herre, Israels Gud, lat tenaren din få vita det!» Herren svara: «Ja, han kjem.»
12 Så spurde David: «Vil Ke’ila-buane gje meg og mennene mine i Sauls hand?» Herren svara: «Ja, dei vil.»
13 Då tok David ut med mennene sine, om lag seks hundre i talet. Dei fór bort frå Ke’ila og flakka ikring der det fall seg. Men då Saul fekk høyra at David hadde sloppe bort frå Ke’ila, lét han vera å dra ut.
14 Sidan heldt David til i øydemarka, i fjellborgene. Han slo seg til i fjellet i Sif-øydemarka. Og heile tida leita Saul etter han, men Gud laga det så at han ikkje fall i hans hand.
15 David skjøna at Saul hadde drege ut og ville drepa han. Men medan han var i Horesja i Sif-øydemarka,
16 tok Jonatan, son til Saul, ut og kom til han der. Han sette mot i David i Guds namn.
17 «Ver ikkje redd!» sa han; «Saul, far min, får ikkje tak i deg. Du skal verta konge over Israel, og eg skal vera nest etter deg. Det veit Saul, far min, òg.»