16 tok Jonatan, son til Saul, ut og kom til han der. Han sette mot i David i Guds namn.
17 «Ver ikkje redd!» sa han; «Saul, far min, får ikkje tak i deg. Du skal verta konge over Israel, og eg skal vera nest etter deg. Det veit Saul, far min, òg.»
18 Så gjorde dei pakt med kvarandre for Herrens åsyn, dei to. Og David vart verande i Horesja, men Jonatan fór heim til seg.
19 Nokre menn frå Sif drog opp til Saul i Gibea og sa: «David held seg løynd hjå oss i fjellborgene i Horesja, attmed Hakila-haugen, som ligg sør for Jesjimon.
20 Så sant du har hug til å koma dit ned, konge, så kom! Vi skal syta for at du får tak i han.»
21 Saul svara: «Herren velsigne dykk, fordi de har slik medkjensle med meg.
22 Far no heim att og ver framleis på vakt! Spør dykk føre og sjå etter kvar han ferdast, og kven som har sett han der. For dei har sagt meg at han er ein luring.