21 Saul svara: «Herren velsigne dykk, fordi de har slik medkjensle med meg.
22 Far no heim att og ver framleis på vakt! Spør dykk føre og sjå etter kvar han ferdast, og kven som har sett han der. For dei har sagt meg at han er ein luring.
23 Fylg med og finn ut kva for ein av alle gøymestadene han held til i. Kom så attende til meg med påliteleg melding! Så skal eg vera med dykk, og er han så sant i landet, skal eg leita han opp mellom alle ættene i Juda.»
24 Då tok dei ut og fór heim til Sif føre Saul.På den tid var David og mennene hans i Maon-øydemarka, på Araba-sletta, sør for Jesjimon.
25 Saul og mennene hans drog av stad og ville leita etter han. Men David fekk greie på det og fór ned til berghamaren og heldt seg i Maon-øydemarka.Då Saul fekk vita det, sette han etter David ut i Maon-øydemarka.
26 Saul gjekk på den eine sida av fjellet og David og mennene hans på den andre. Og David skunda seg for å sleppa unna Saul, medan Saul og mennene hans var i ferd med å omringa David og mennene hans og ta dei.
27 Men best det var, kom det ein bodberar til Saul og sa: «Skunda deg og kom! Filistarane har brote inn i landet.»