8 Så kalla Saul heile hæren saman til strid. Han ville fara ned til Ke’ila og kringsetja David og mennene hans.
9 Men då David skjøna at Saul la vonde planar mot han, sa han til presten Abjatar: «Kom hit med efoden!»
10 Sidan sa han: «Herre, Israels Gud! Eg, tenaren din, har høyrt at Saul etlar seg til Ke’ila og vil øydeleggja byen for mi skuld.
11 Vil då Ke’ila-buane gje meg i hans hand? Kjem Saul hit ned, som tenaren din har fått nyss om? Herre, Israels Gud, lat tenaren din få vita det!» Herren svara: «Ja, han kjem.»
12 Så spurde David: «Vil Ke’ila-buane gje meg og mennene mine i Sauls hand?» Herren svara: «Ja, dei vil.»
13 Då tok David ut med mennene sine, om lag seks hundre i talet. Dei fór bort frå Ke’ila og flakka ikring der det fall seg. Men då Saul fekk høyra at David hadde sloppe bort frå Ke’ila, lét han vera å dra ut.
14 Sidan heldt David til i øydemarka, i fjellborgene. Han slo seg til i fjellet i Sif-øydemarka. Og heile tida leita Saul etter han, men Gud laga det så at han ikkje fall i hans hand.