1 Ved det leitet døydde Samuel, og heile Israel samla seg og heldt syrgjehøgtid over han. Dei gravla han i huset hans i Rama.Så tok David ut og fór til Maon-øydemarka.
2 I Maon var det ein mann som hadde buskapen sin i Karmel. Det var ein svært rik mann; han åtte tre tusen sauer og tusen geiter. Nett då var han i Karmel på saueklypping.
3 Mannen heitte Nabal og kona hans Abigajil. Ho var ei vitug og ven kvinne, men mannen var vond og vrang i all si ferd. Han var av Kalebs-ætta.
4 I øydemarka fekk David høyra at Nabal heldt på og klypte sauene sine.
5 Då sende han ti unge menn av stad og sa til dei: «Far opp til Karmel, og når de kjem til Nabal, skal de helsa han frå meg
6 og seia: Hell og lukke! Gjev det må gå godt både med deg og ætta di og med alt som ditt er!