19 Så sa ho til tenestgutane sine: «Far føre! Eg kjem snart etter.» Men med Nabal, mannen sin, nemnde ho ingenting.
20 Som ho kom ridande på eselet sitt i livd av fjellet, kom David og mennene hans imot henne; ho støytte rett på dei.
21 Men David hadde sagt: «Så er det reint til fånyttes at eg har gått her i øydemarka og vakta alt det denne mannen eig, så det ikkje har kome bort noko for han. Han har lønt godt med vondt.
22 Gud la det gå meg ille både no og sidan om eg lèt ein einaste av mennene hans leva til det dagast i morgon.»
23 Med det same Abigajil fekk auga på David, sprang ho ned av eselet og bøygde seg til jorda for han.
24 Så kasta ho seg ned for føtene hans og sa: «Det er eg som har skulda, herre, berre eg. Men gjer vel og lat tenestkvinna di få tala til deg, og høyr på det eg har å seia.
25 Bry deg ikkje om denne vrange Nabal, herre! For som han heiter, så er han. «Dåre» heiter han, og full av dårskap er han. Eg, tenestkvinna di, har ikkje eingong sett dei mennene som du sende, herre.