2 I Maon var det ein mann som hadde buskapen sin i Karmel. Det var ein svært rik mann; han åtte tre tusen sauer og tusen geiter. Nett då var han i Karmel på saueklypping.
3 Mannen heitte Nabal og kona hans Abigajil. Ho var ei vitug og ven kvinne, men mannen var vond og vrang i all si ferd. Han var av Kalebs-ætta.
4 I øydemarka fekk David høyra at Nabal heldt på og klypte sauene sine.
5 Då sende han ti unge menn av stad og sa til dei: «Far opp til Karmel, og når de kjem til Nabal, skal de helsa han frå meg
6 og seia: Hell og lukke! Gjev det må gå godt både med deg og ætta di og med alt som ditt er!
7 Eg har høyrt at dei held på og klypper hjå deg. No har gjætarane dine vore saman med oss; vi har aldri gjort dei noko vondt, og det har ikkje kome bort noko for dei så lenge dei har vore i Karmel.
8 Spør berre mennene dine, så vil dei fortelja deg det. Så ta då vel imot mennene mine, for vi kjem hit på ein glededag. Gjev tenarane dine og David, son din, det du måtte ha for handa!»